Friday, December 11, 2009

Fett verkar meir ujamt enn sitt svenske førebilete Bang, då siktar eg til dei litt ulne overgangane mellom kritikken som viser seg gjennom det ein kunne kalle «estetiske» nivå, og dei meir «politiske» nivåa. Eg trur dette speglar ei polarisering internt i feminismedebatten som nettopp Fett med tida kan vere med på å jamne ut. Der den politiske fløya i Noreg ufråvikeleg har definert det «politiske» som ein motsetnad til det «estetiske» (eller det estetisk reflekterande, teori og akademia), er det kanskje ein sjanse for at ein no kan tenke gjennom desse motsetningane på nytt. At ein i framtida i staden kan bruke teori, populærkulturelle uttrykk og politisk aktivisme på ein meir dynamisk kritisk måte i staden for å bruke kreftene på å utdefinere dei ulike strategiane feminismene nyttar seg av i dag.

Christensen anmelder første nummer af Fett, KK oktober 2004