Friday, December 11, 2009

Eit lite idyllisk avsnitt midt i voldsutgytingane, er for meg tilnærmingsvis det sterkaste feministiske statementet i boka. I ei roleg scene på eit hotellrom, finn Nadine Manu naken, fascinert i gang med å teikne striper og prikkar på det fine golvteppet med blodet som dryp frå kjønnet hennar. Nadine betraktar henne kjærleg, og leikar sjølv med ein pistol, opplever korleis stålet går i eitt med armen. Midt i oppløysingsprosessen, opplever dei to samansmelting med det som ellers er fråstøytande, det vi vil kalle det ekle, det ikkje-menneskelege: blodet, stålet.

Christensen anmelder Baise-moi af Virginie Despentes, KK maj 2004