Saturday, December 05, 2009

Men det er då ein slags system i galskapen. I alle fall slik eg ser
det. I alle fall om ein har vakse opp med den franske feminismen si insistering på at det finst ei kvinneleg form for skrift. Den er kjenneteikna av at ein med utgangspunkt i dei sidene ved den kvinnelege kroppen som er ugripelege og formlause, som sekret og utflod, kan skapa eit språk som er eit anna enn det omgrepsleg tydelege og klåre. Og då blir det plutseleg som om opningsordet «fødselståka» blir ein kode for å lesa denne skildringa av eit nordleg Noreg med ulker og maneter som eit kvinneleg tekstområde. Den stadige nemninga av oldemora blir del av den same tenkinga si insistering på å interessera seg for å gå inn i relasjonar med formødrer i staden for, på mannleg vis, å individualisera seg
gjennom å utføra fadermord.

Hadle Oftedal Andersen om Morten Wintervolds digtsamling, KK.